Hopp til innhold
 Bergenhus festning. Foto: Bernt Rustad, flickr.com CC BY 2.0
Bergenhus festning. Foto: Bernt Rustad, flickr.com CC BY 2.0
X
Innhald

Bergenhus Regiment

Bergenhus Regiment, tidlegare territorielt regiment i Hæren som vart oppretta 1. august 1995 under distriktskommando Sør-Vestlandet (DKSV). Bergenhus Regiment hadde standkvarter på Bergenhus og førte tradisjonane vidare frå Hordaland infanteriregiment nr. 9 (IR 9), som opphavleg var etablert i 1628. Det vart lagt ned i 2002, og Sjøforsvaret tok over kommandantskapsfunksjonane.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.05.2013
Sist oppdatert: 29.05.2013