Hopp til innhold
X
Innhald

Bergenhus

Bergenhus, namn på eit festningsanlegg på Holmen i Bergen som vart etablert i 1646 på det same området som festninga frå mellomalderen. Inne på festningsområdet ligg mellom anna Håkonshallen og Rosenkrantztårnet.
Bergenhus var også fram til 1918 namnet på to amt, Nordre Bergenhus amt, som no er Sogn og Fjordane fylke, og Søndre Bergenhus amt, som no er Hordaland fylke.
 
Bergenhus festning. Foto: Bernt Rustad, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.05.2013
Sist oppdatert: 29.05.2013