Hopp til innhold
X
Innhald

Forsvarets forskingsinstitutt

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), tverrvitskapleg institusjon som vart oppretta i 1946 med føremål om å drive forsking og materiellutvikling etter det behovet Forsvaret har. Instituttet held til på Kjeller og er eit forvaltningsorgan som ligg direkte under Forsvarsdepartementet. FFI har om lag 600 tilsette, og administrerande direktør er John-Mikal Størdal (per 2013).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013