Hopp til innhold
X
Innhald

Forsvarets mediesenter

Forsvarets mediesenter (FMS), eining i Forsvaret som vart etablert i 2002 gjennom omorganisering av Forsvarets rekrutterings- og mediesenter (FRM), som var oppretta i 1963. FMS driv med produksjon av film og video. I tillegg forvaltar senteret det sentrale filmarkivet og fototenesta for Forsvaret. FMS har elles det redaksjonelle ansvaret for intranett- og internettsidene til Forsvaret, samt for rekrutteringskampanjar som er retta spesielt mot ungdom.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013