Hopp til innhold
X
Innhald

Forsvarets overkommando

Forsvarets overkommando (FO), eining som vart oppretta i 1940 i Nord-Noreg og flytta til Storbritannia i 1942. I 1946 vart ho avløyst av Forsvarsstaben, men ved ei omorganisering i 1970–71 vart FO etablert igjen som ein integrert stab på Huseby under forsvarssjefen. FO omfatta Fellesstaben, Hærstaben (HST), Sjøforsvarsstaben (SST), Luftforsvarsstaben (LST), HV-staben (HVST) og ei rekkje fagstabar. FO vart erstatta av Forsvarsstaben i 2003.
Foto under: Carlos Bryant, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013