Hopp til innhold
X
Innhald

Forsvarsforum

Forsvarsforum, tidlegare Forsvarets Forum, fellesavis for Forsvaret som vart etablert i 1980 ved samanslåing av mellom anna Mannskapsavisa (1945–80) og ein del militære fagtidsskrift. Avisa vart omorganisert i 2003. Forsvarsforum skal dekkje interessene og informasjonsbehovet til alle personellgruppene. Avisa har eit månadsopplag på om lag 96 000.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013