Hopp til innhold
X
Innhald

Forsvarskommisjon

Forsvarskommisjon, nemning på kommisjonar som er oppnemnde ved kongeleg resolusjon for å vurdere og eventuelt føreslå endringar i organiseringa av Forsvaret.
 Forsvarskommisjonen av 1920 førte til ei ny forsvarsordning i 1927. Forsvarskommisjonen av 1946 med innstilling frå 1949 danna grunnlaget for gjenoppbygginga av det norske forsvaret. Forsvarskommisjonen av 1974 med innstilling frå 1978 vurderte plassutforminga, oppgåvene og strukturen til Forsvaret fram til 1990. FK-90 med innstilling frå 16. mars 1992 la grunnlaget for utvikling av forsvaret fram mot år 2000.
 I 2000–01 la det offentleg nedsette Forsvarspolitisk Utvalg og Forsvaret sitt eige utval, Forsvarsstudie 2000, samtidig fram tilrådingane sine for Forsvarsdepartementet om korleis det framtidige forsvaret burde vere strukturert.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013