Hopp til innhold
X
Innhald

Forsvarsmuseet

Forsvarsmuseet (FMU), museum som vart oppretta i 1976 med grunnlag i Hærmuseet, som vart oppretta i 1860 i Arsenalbygningen på Akershus festning.
 
FMU omfattar alle forsvarsgreinene, og under det sorterer også Heimefrontmuseet på Akershus, Marinemuseet i Horten, Rustkammeret i Trondheim, Oscarsborg Festningsmuseum i Drøbak, Forsvarsmuseet Rosenkrantztårnet i Bergen, Troms Forsvarsmuseum i Bardu, Hærmuseet Nordfjordeid, Kongsvinger festnings museum, Luftfartsmuseet i Bodø (som er flytta dit frå Gardermoen) og andre mindre museum.
Luftfartsmuseet  i Bodø. Foto: Soldatnytt, flickr.com CC BY 2.0
Luftfartsmuseet  i Bodø. Foto: Soldatnytt, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013