Hopp til innhold
X
Innhald

Forsvarsstaben

Forsvarsstaben (FST), eining som vart oppretta i august 2003 på Akershus. Eininga er leidd av ein generalløytnant/viseadmiral som er avløysar for forsvarssjefen og nestkommanderande i Forsvaret. FST har ansvaret for å gjennomføre oppdrag, sjå til at avgjerder blir følgde opp og ta hand om det daglege arbeidsgivaransvaret for personellet i den militære organisasjonen i Forsvaret.
FST er samansett av av avdelingane leiing med sekretariat, presse og informasjon (POI), internrevisjon, personell, operasjon og driftsstab (POD), FLO sin konsernstab og generalinspektørane for hær/sjø/luft/HV.
Foto: Carlos Bryant, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013