Hopp til innhold

 Foto: Pål Løberg, flickr.com CC BY 2.0
Foto: Pål Løberg, flickr.com CC BY 2.0
X
Innhald

Garden

Garden eller Hans Majestet Kongens Garde (HMKG), livgarden til kongen av Noreg.

Garden eller Hans Majestet Kongens Garde (HMKG), livgarden til kongen av Noreg. Garden vart opphavleg etablert i 1856 i Stockholm, etter mønster av utanlandske liv- og æresvakter for fyrstelege personar. Garden held til i Husebyleiren i Oslo, som ein ståande infanteribataljon og med spesielle vaktoppdrag, mellom anna på Slottet, Akershus festning og Skaugum.

Video under: HMKG øver til feiringa av 75-årsdagane til Kongen og Dronninga.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013