Hopp til innhold
X
Innhald

Generalinspektør

Generalinspektør, tidlegare den høgste militære fagsjefen for ein våpenart (infanteriet, feltartilleriet, kavaleriet osb.), men frå 1970 sjefen for dei respektive forsvarsgreinene (Hæren, Sjøforsvaret, Luftforsvaret og Heimevernet). Frå 2003 vart generalinspektørane integrerte i forsvarsstaben med ansvar for styrkeproduksjon. Dei har graden generalmajor eller kontreadmiral.
Bilete under: generalmajor Robert Mood.
Foto: Emma Kwesiga Lydersen/Norwegian Mission to the UN flickr CC By 2 0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013