Hopp til innhold
 Eit norsk herculesfly landar på Kreta. Foto: Metziker, flickr.com CC BY 2.0
Eit norsk herculesfly landar på Kreta. Foto: Metziker, flickr.com CC BY 2.0
X
Innhald

Hercules

Hercules, amerikansk militært firemotors turboprop-transportfly. Det kan ta 92 passasjerar eller 80 feltutrusta soldatar over lengre avstandar. Flyet er spesialkonstruert for dropp av last og fallskjermavdelingar. Det kan også operere frå feltflyplassar med kortare rullebaner. 6 maskiner vart innførte i det norske luftforsvaret i 1969.
Video frå slepping av last frå Herculesfly. Engelsk tale.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013