Hopp til innhold
X
Innhald

Krigsdekorasjonar

Krigsdekorasjonar, heidersteikn for vågemot eller andre framifrå fortenester i krig. Noreg hadde ingen eigentlege krigsdekorasjonar før den andre verdskrigen. Dei som vart innstifta under krigen, er rangerte slik: 1. Krigskrossen med sverd (1941). 2. St. Olavsmedaljen med eikegrein (1942). 3. Haakon VIIs fridomskross (1945). 4. Krigsmedaljen (1941). 5. Haakon VIIs fridomsmedalje (1945). Deltakarmedaljen og Haakon VIIs 70-årsmedalje er også rekna også som krigsdekorasjonar.
 
Foto under: Krigskrossen med sverd. Foto: Arne Flaaten/Forsvarets Forum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.05.2013
Sist oppdatert: 31.05.2013