Innhald
Kvinner i Forsvaret
Norske kvinner fekk allmenn verneplikt gjennom vedtak i Stortinget 14. juni 2013. Noreg vart då det første landet i moderne tid som innførte kjønnsnøytral verneplikt.
Fram til dette kunne kvinner frivillig søkje opptak ved alle grunnleggjande, høgare og vidaregåande skular i Forsvaret, få opplæring som utskrive befal, bli verva (på treårskontraktar) og få meinig opplæring med vidare tenesteplikt i mobiliseringsforsvaret. Kvinner har dei same teneste- og avansementsvilkåra som menn.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 31.05.2013
Sist oppdatert: 13.10.2017
Sist oppdatert: 13.10.2017