Hopp til innhold
X
Innhald

Kystvakta

Kystvakta (KV), organ som vart oppretta i 1977 og er underlagt Forsvaret. Hovudbasane er Sortland og Haakonsvern.
Kystvakta (KV), organ som vart oppretta i 1977 og er underlagt Forsvaret. Oppgåvene er hevding av suverenitet og kontroll i den norske økonomiske sona, på kontinentalsokkelen, i fiskevernsona rundt Svalbard og fiskerisona rundt Jan Mayen (i alt 2,2 mill. km²), samt redningsteneste og innsats i katastrofesituasjonar. Kystvaktinspektøren er ein del av sjøforsvarsstaben. Hovudbasane er Sortland og Haakonsvern for høvesvis Kystvaktskvadron Nord og Kystvaktskvadron Sør.
 
 
"KV Svalbard" på tokt. Foto: Forsvarets Mediesenter.
 
 
Video under: KV Svalbard 17.mai 2011, Spitsbergen - Hornsund - Burgerbukta.
 
 
 
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.05.2013
Sist oppdatert: 28.05.2014