Hopp til innhold
X
Innhald

Oppland Regiment

Oppland Regiment, tidlegare territorielt regiment i Hæren som vart oppretta i 1995 under Distriktskommando Austlandet (DKØ). Oppland Regiment hadde standkvarter på Terningmoen ved Elverum og førte vidare tradisjonane frå Østoppland infanteriregiment nr. 5 (IR 5), som var etablert i 1657. Regimentet var utdannings- og kompetansesenter for infanteriet med infanteriinspektøren som sjef og Skyte- og vinterskulen for infanteriet (SVI). Regimentet vart lagt ned i 2002.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.06.2013
Sist oppdatert: 03.06.2013