Hopp til innhold
 Leif Larsen, også kalla Shetlandslarsen, ein av medlemmane i Shetlandsgjengen,
Leif Larsen, også kalla Shetlandslarsen, ein av medlemmane i Shetlandsgjengen,
X
Innhald

Shetlandsgjengen

Shetlandsgjengen, norsk marineavdeling som under den andre verdskrigen, til liks med Lingekompaniet, opererte i hemmeleg teneste under britisk kommando. Avdelinga gjorde meir enn 200 turar mellom Shetland og Noreg, hovudsakleg med norske fiskeskøyter. På desse turane frakta dei flyktningar, agentar, våpen og andre militære forsyningar til og frå norskekysten. Shetlandsgjengen gjennomførte også operasjonar mot tysk skipsfart med motortorpedobåtar og ubåtjagarar.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.06.2013
Sist oppdatert: 03.06.2013