Hopp til innhold
X
Innhald

Sivilforsvaret

Sivilforsvaret, statleg forsterkingsressurs som skal verne folkesetnaden mot verknadene av krigshandlingar. I fred omfattar førebuingane mellom anna krigsutflyttingsplanlegging, varsling og samband, tilfluktsrom, utrusting og øving av styrkar, og informasjon. Sivilforsvaret er underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og kan også bli sett inn ved naturkatastrofar eller andre større ulukker. Tenesteplikt i Sivilforsvaret kan bli pålagt både kvinner og menn (mellom 18 og 65 år) som ikkje er disponerte av det militære forsvaret.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.06.2013
Sist oppdatert: 03.06.2013