Hopp til innhold
X
Innhald

Tenestetillegg

Tenestetillegg, økonomisk godtgjersle til vernepliktige mannskapar som gjer militærteneste. Tenestetillegget er populært kalla dagløn, men det blir ikkje sett på som løn. Det er meint å skulle dekkje dei personlege utgiftene til soldaten ut over fri kost, klede og kvarter. Mannskapar med forsørgingsbyrde får dessutan forsørgjar- og butillegg. Under spesiell teneste får ein også særtillegg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.06.2013
Sist oppdatert: 13.06.2013