Hopp til innhold
X
Innhald

Tilfluktsrom

Tilfluktsrom, rom som blir bygde både offentleg og privat for å verne folkesetnaden mot skadar ved krigshandlingar. Kommunane i Noreg har sidan 1975 vore delte inn i tre grupper (A, B og C), og etter reglar frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap er krava til styrken på tilfluktsromma tilpassa trusselen. I A-kommunar skal tilfluktsromma verne mot alle våpenverknader, i B-kommunar mot konvensjonelle våpen, radioaktivt nedfall og kjemiske stridsmidlar, og i C-kommunar mot radioaktivt nedfall.


Sist oppdatert: 13.06.2013