Hopp til innhold
X
Innhald

Tillitsmannsordninga i Forsvaret

Tillitsmannsordninga i Forsvaret (TMO), samarbeidsordning mellom vernepliktige mannskapar og leiinga i Forsvaret både lokalt og sentralt. Ordninga vart etablert i 1971 og er basert på det tidlegare tillitsmannssystemet under Ombodsmannen for Forsvaret. Innanfor TMO handsamar ein alle spørsmål som vedkjem forholda til dei vernepliktige under militærtenesta, men ikkje parti- eller forsvars- og tryggingspolitiske spørsmål.
TMO er bygd opp med lokale tillitsmannsutval, fellesutval ved større forlegningar og distriktsvise kontaktutval (KU). Kontaktutvala held suppleringsval av representantar til Landsutvalet for tillitsmenn i Forsvaret (LTF). LTF er samansett av 11 vernepliktige, to frå Forsvarsdepartementet, to frå Forsvarets overkommando og to befalsrepresentantar for dei lokale utvala. Ein årleg landskonferanse er det høgste organet i TMO. Her vel ein nytt landsutval og tre representantar til det faste sekretariatet i LTF, éin frå kvar forsvarsgrein.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.06.2013
Sist oppdatert: 13.06.2013