Hopp til innhold
X
Innhald

Triathlon

Triathlon (gresk ’trekamp’), omgrep som kan vise til både ei militær øving og ein idrettskonkurranse. I militæret er triathlon ei øving i skiidrett som omfattar 30 km langrenn, skyting og storslalåm. Idrettskonkurransen omfattar 3800 m svømming, 180 km sykling og maraton utan pause. Han kan også bli arrangert i mindre format eller vere samansett av andre uthaldsidrettar. Sidan 1988 har det vorte arrangert offisielt NM i full triathlon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.06.2013
Sist oppdatert: 13.06.2013