Hopp til innhold
X
Innhald

Gasskrig

Gasskrig, bruk av kjemiske middel i krigføringa. Dette vart første gong brukt i april 1915. Under andre verdskrigen vart slike middel ikkje brukt. Gassen, som faktisk kan vere både fast, flytande og i gassform, verkar kvelande, etsande eller irriterande, eller han kan angripe nervesystemet. Det alvorlegaste tilfellet av gasskrig i nyare tid er det irakske gassangrepet på den kurdiske byen Halabja i Irak i mars 1988.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2012
Sist oppdatert: 15.02.2012