Hopp til innhold
X
Innhald

Haubits

Haubits, kanon med kort røyr. Dei er laga for å verke som kasteskyts med låg utgangsfart, høg prosjektilbane og bratt nedslagsvinkel for å treffe mål bak hindringar. Feltartilleriet har haubitsen M-109 A3GN 155 mm, og skal innføre den svenske 155 mm «Archer».

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.08.2012
Sist oppdatert: 02.08.2012