Hopp til innhold
X
Innhald

Kjemisk krigføring

Kjemisk krigføring, bruk av kjemiske stoff for å drepe eller uskadeliggjere fienden i krig.

Denne forma for krigføring vart særleg utvikla med den raske framgangen i kjemien på 1800-talet. Haag-konferansen i 1899 vedtok eit forbod mot gasskrig, men under den første verdskrigen vart likevel giftgassar som klor, fosgen og sennepsgass teke i bruk. Genève-avtalen frå 1925 forbyr bruk av kvelande, giftige og andre gassar og tilsvarande væsker i krig, men likevel brukte både Italia og Japan giftgassar i Etiopia og Kina. Under andre verdskrigen brukte nazistane giftgass i utryddingsleirane, ikkje ved frontane.
I 1972 vart ein konvensjon mot biologiske og toksiske, altså giftige, våpen vedteken, men dette har ikkje stoppa den kjemiske kapprustninga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2012
Sist oppdatert: 26.08.2013