Hopp til innhold
X
Innhald

Kjernevåpen

Kjernevåpen, kjernefysiske våpen, atomvåpen, våpen som nyttar energi frå atomkjernar som sprengkraft i bomber. Det finst to hovudtypar kjernevåpen. Fisjonsbomber nyttar den energien som vert frigjort ved spalting, altså fisjon, av svært tunge atomkjernar som uran-235 eller plutonium. Fusjonsbomber eller termonukleære bomber nyttar den energien som vert frigjort ved samansmelting, altså fusjon, av lette atomkjernar. Døme på slike atomkjernar er deuterium og tritium, som er isotopar av hydrogen, og dette er grunnen til at fusjonsbombar også vert kalla hydrogenbomber eller H-bomber.
Sprengkrafta til kjernevåpen vert målt i sprengkrafta til anten kilogram eller tonn TNT (trinitrotoluen). I 1962 detonerte Sovjetunionen den kraftigaste kjernefysiske bomba som er laga, og denne hadde ei sprengkraft lik 58 megatonn TNT.
Den første kjernefysiske bomba vart prøvesprengt i New Mexico, USA, 16. juli 1945. Den neste, ei uranbombe med ei estimert sprengkraft på 15 kilotonn TNT, vart detonert over Hiroshima i Japan 6. august 1945, og tok i løpet av eitt sekund livet av rundt 70 000 menneske. Den tredje, ei plutoniumbombe, vart detonert over Nagasaki i Japan 9. august 1945. Sovjetunionen detonerte den første prøvebomba si i 1949, Storbritannia i 1952, Frankrike i 1960, Kina i 1964, India i 1974, og Pakistan i 1998.
Seinare er det utvikla kjernevåpen som spenner frå store, strategiske våpen til lette, berbare slagmarksvåpen. Mot slutten av 80-åra kom USA og Sovjetunionen fram til avtalar som avgrensa og reduserte talet på kjernevåpen.
Ein kjernefysisk eksplosjon har tre følgjer – trykkbølgja, varmen og strålinga. Rundt halvparten av den utløyste energien går til trykkbølgja, ein tredjedel til varmen, og resten til strålinga, som kjem i form av gammastrålar og nøytron. Vert trykkbølgja redusert til fordel for nøytronstrålinga, får ein ei nøytronbombe. Rakettane som fraktar kjernevåpen varierer frå granatar og kryssarrakettar til interkontinentale ballistiske rakettar, ICBM.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2012
Sist oppdatert: 15.02.2012