Hopp til innhold
X
Innhald

Maskingevær

Maskingevær, eit lett, heilautomatisk skytevåpen. Rekylen eller gasstrykket i løpet vert brukt som drivkraft til ladinga, og geværet har ei skottakt på rundt 1000 skot i minuttet. Dei første prototypane vart tekne i bruk i den amerikanske borgarkrigen 1861–65, og moderne maskingevær vart utvikla i 1880-åra. I Noreg nyttar Forsvaret maskingeværet MG-3.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2012
Sist oppdatert: 15.02.2012