Hopp til innhold
X
Innhald

Militærfly

Militærfly, fly som er spesialutvikla for militære føremål. Det finst fleire typar militærfly. Jagarfly vert brukte som forsvar mot fiendtlege kampfly. Jagarbombarar vert brukte under angrep mot bakkemål. Strategiske bombefly har lang rekkjevidde og stor våpenlast. Maritime patruljefly overvakar havområde og vert brukte under ubåtjakt. Rekognoseringsfly har kamera og overvakingsutstyr. Transportfly kan operere frå primitive landingsstriper med stor last. Helikopter kan òg nyttast, både i kamp og til transport. Militærfly er meir robuste enn sivile fly, og toler òg vanskelegare forhold og å verta skotne på.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2012
Sist oppdatert: 15.02.2012