Hopp til innhold
X
Innhald

Mine

Mine, eit våpen sett saman av ein behaldar med sprengstoff og ein tennemekanisme. Det er utvikla miner både for sjø- og landkrig. Utviklinga av nye tennemekanismar og bruken av nye materialar har ført til ei svært rask utvikling av ulike miner, som det vert stadig meir vanskeleg å oppdage.
Moderne landminer i kunststoff er vanskeleg å fjerne etter ein konflikt, og landminene skapar store problem i land som Kambodsja, Afghanistan, Angola, Jugoslavia og på Falklandsøyane. Meir enn 130 land, blant dei Noreg, har slutta seg til ein konvensjon om forbod mot bruk, lagring, produksjon og overføring av antipersonellminer, og om øydelegging av slike miner. Konvensjonen vart underteikna i Ottawa 3. desember 1997. Organisasjonen The International Campaign to Ban Landmines fekk i 1997 Nobels fredspris.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2012
Sist oppdatert: 15.02.2012