Hopp til innhold
X
Innhald

Orion-fly

Orion-fly, P-3 C/N (Lockheed), maritimt overvakingsfly (P-3C) med fire turboprop-motorar som inngår i det norske Luftforsvaret med base på Andøya flystasjon. Det er væpna med djupvassbomber, torpedoar og styrte rakettar, og det har også moderne utstyr for ubåtsøk. Orion-flya deltek også i kystvakta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.08.2012
Sist oppdatert: 02.08.2012