Hopp til innhold
X
Innhald

Prosjektil

Prosjektil, ein lekam som vert skoten ut for å treffe eit mål, til dømes pil, granat eller kule. Opphavleg vart steinar nytta, men frå 1500-talet vart det brukt jernkuler eller innhole kuler. Til rifla våpen vert det brukt sylinderforma prosjektil, med spiss. Prosjektil med sprengladning vert kalla granat.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2012
Sist oppdatert: 15.02.2012