Hopp til innhold
X
Innhald

Terne

Terne, eit antiubåtvåpen frå 1960-åra, utvikla i Noreg. Terne er ein lett skip-til-skip-rakett som vert styrt mot målet ved hjelp av sonar- og hydrofonkontakt. Raketten har ei rekkjevidd på rundt 1000 meter, og kan skytast ut enkeltvis eller i salvar på inntil seks rakettar. Raketten vert detonert anten på ei førehandsinnstilt djupn, eller ved hjelp av ein liten sonar som registrerer nærkontakt med angrepsmålet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2012
Sist oppdatert: 15.02.2012