Hopp til innhold
X
Innhald

Torpedo

Torpedo, eit undervassprosjektil som er konstruert for å treffe skroget på eit skip under vasslinja. Ein torpedo er sjølvdriven, og torpedohovudet er fylt med ei sprengladning. Moderne torpedoar er ofte utstyrte med elektroniske målsøkingsmekanismar, men kan òg vere trådstyrte. Torpedoar kan sleppast frå fly, fyrast av frå torpedobatteri på land, eller frå fartøy over eller under vatnet. Den første sjølvdrivne torpedoen vart konstruert i 1867 av den britiske ingeniøren Robert Whitehead (1823–1905).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2012
Sist oppdatert: 15.02.2012