Hopp til innhold
X
Innhald

TOW

TOW (engelsk militær forkorting for Tube Launched Optically Tracked Wire Guided), nemning på eit amerikansk langtrekkande panservernvåpen, eit missilsystem med rekkjevidd ut til om lag 4000 m. TOW har vore i bruk i den norske hæren sidan tidleg på 1970-talet. Ein ny versjon, TOW-2, kom i bruk på 1990-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.08.2012
Sist oppdatert: 02.08.2012