Hopp til innhold
X
Innhald

Ubåt

Ubåt, undervassbåt, eit fartøy til bruk under vassoverflata.

Ubåtar vart utvikla på slutten av 1800-talet. Dei fleste ubåtane har to skrog, eit indre og eit ytre, og rommet mellom desse skroga er dei viktigaste ballasttankane til båten. Når ubåten skal dukke, vert desse skroga fylte med vatn. Skal ubåten attende til overflata, vert vatnet blåst ut ved hjelp av trykkluft. Framdrifta skjer ved dieselmotor, elektromotor eller kjernereaktor.
(Artikkelen held fram under videoen)
 
Video: «Besøk i ubåt», NRK Skole
Under vatnet styrer ubåten med horisontale djupvassror framme og bak. Når ubåten seglar like under vassflata, kan mannskapet i ubåten sjå over vassflata gjennom eit periskop. Ubåtar vert i hovudsak nytta som krigsskip, og er då utstyrt slik at han frå under vatnet kan ramme fiendtlege mål ved hjelp av missil eller torpedoar.
Dvergubåtar er på under 100 tonn, kystubåtar på opptil 800 tonn, og konvensjonelle havgåande ubåtar på opptil 3500 tonn. I seinare år vert miniubåtar brukte i undervassarkeologi og i samband med oljeverksemd til havs.
Den første ubåten vart sjøsett i USA i 1898. Noreg fekk den første ubåten sin, «Kobben», i 1909. Den første atomdrivne ubåten, «Nautilus», vart sjøsett i 1954. Dei største strategiske atomubåtane er utstyrte med rakettvåpen med lang rekkjevidde. Desse rakettvåpna har kjerneladning som kan fyrast av under vatn.
Det norske forsvaret har frå 1989 hatt seks ULA-klasse, ein tyskprodusert ubåt. Denne er diesel-elektrisk, utstyrt med torpedoar, og har eit mannskap på seks.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2012
Sist oppdatert: 21.08.2017