Hopp til innhold
X
Innhald

V-2

V-2 (tysk Vergeltungswaffe, ’gjengjeldingsvåpen’), tysk nemning på A-4-raketten, som var utvikla av Wernher von Braun. Han vart første gong skoten mot London 6. september 1944, og totalt vart 1050 slike skotne mot England frå Nederland og Nord-Tyskland. V-2 vart seinare vidareutvikla i Sovjet til «SCUD», som vart brukt av Irak i Golfkrigen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.08.2012
Sist oppdatert: 02.08.2012