Økonomi er eit omgrep med fleire tydningar som har med produksjon, konsum, omsetning og forvaltning av ressursar å gjere.

Faktaboks

Uttale
økonomˈi

Det har opphavet sitt frå det greske ordet oikos som tyder hushald, og nomos som betyr lære eller lov. Omsett til norsk betyr det «læra om hushald» og blir brukt med ulike tydningar:

  • Med til dømes «den norske økonomien» blir økonomi forstått som eit økonomisk system, bestemt ved den måten produksjon, omsetning, gjenbruk og gjenvinning skjer på. Døme på slike system er naturaløkonomi, marknadsøkonomi, sirkulær økonomi og planøkonomi.
  • Når ein seier at nokon studerer eller forskar på økonomi blir økonomi forstått som det vitskaplege studiet av økonomiske forhold. Dei to mest vanlege greinene innan studiet av økonomi er bedriftsøkonomi og samfunnsøkonomi. Men det er òg utvikla meir tverrfaglege greiner som økologisk økonomi.
  • Når ein seier at nokon har god eller dårleg økonomi forstår ein økonomi som ein økonomisk tilstand, det vil seie den mengda ressursar som blir disponerte, med andre ord kor høg inntekt og formue til dømes eit hushald har.
  • Det «å økonomisere» vil seie å oppnå eit bestemt mål med minst mogleg innsats, er ein annan måte å forstå økonomi på. Å økonomisere vil alt anna likt gi produktivitetsvekst og er eit grunnleggjande prinsipp i økonomisk verksemd. Det blir gjerne òg kalla dei minste midlas lov.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg