Christl Kvam
Christl Kvam
Christl Kvam, sjukepleiar, siviløkonom, tidlegare leiar av Akademikarane og regiondirektør i NHO Innlandet. Ho blei utnemnd til fylkesmann i Oppland i 2015 og statssekretær for arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie i 2016.
Elias Berdal
Elias Petersson Berdal, bedriftsleiar. Han var ein av dei fremste økonomane i målrørsla før 1940, og ingen enkeltperson hadde meir å seie for utviklinga av nynorsk handelsspråk i første halvdel av 1900-talet.
Heikki Holmås
Heikki Holmås
Heikki Holmås, siviløkonom. Holmås var stortingsrepresentant i fleire periodar for Sosialistisk Venstreparti for Akershus og er tidlegare bistandsminister i Noreg.
Helge Simonnes
Helge Atle Simonnes, siviløkonom, journalist, konsernsjef i Mentor Medier, administrerande direktør og sjefredaktør i avisa Vårt Land i nærmare 30 år.
Henning Skumsvoll
Henning Skumsvoll
Henning Skumsvoll, sivilingeniør og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Vest-Agder 2005–13.
Himanshu Gulati
Himanshu Gulati
Himanshu Gulati, politikar og statssekretær. Tidlegare formann i Framstegspartiets Ungdom. Han var den første leiaren i FpU med innvandrarbakgrunn og den første fleirkulturelle leiaren i eit ungdomsparti nokon gong.
Jan Tore Sanner
Jan Tore Sanner
Jan Tore Sanner, marknadsøkonom og finansminister. Han er første nestleiar i Høgre.
Ketil Solvik-Olsen
Ketil Solvik-Olsen
Ketil Solvik-Olsen, sosialøkonom, nestleiar i Framstegspartiet. Frå 2013 til 2018 var han samferdsleminister.
Kåre Willoch
Kåre Willoch
Kåre Willoch, sosialøkonom og politikar. Han var formann i Høgre 1970–74 og statsminister 1981–86
Lars Peder Brekk
Lars Peder Brekk
Lars Peder Brekk, sosialøkonom, tidlegare stortingsrepresentant for Senterpartiet og fiskeriminister (2000) og landbruks- og matminister (2008—12). Frå 2014 er han leiar av Brønnøysundregistra.
Magnhild Hagelia
Magnhild Hagelia
Magnhild Hagelia, politikar. Ho representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i 16 år og var den første kvinna i presidentskapet.
Martine Tønnessen
Martine Tønnessen
Martine Tønnessen, samfunnsøkonom, leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) sidan 2017.
Nicholas Wilkinson
Nicholas Wilkinson
Nicholas Wilkinson, politikar og tidlegare leiar i Sosialistisk Ungdom (SU).
Olav T. Sandnes
Olav Terjeson Sandnes, siviløkonom og medieleiar. Frå 2015 er han sjefredaktør og administrerande direktør i TV2.
Peter Gitmark
Peter Gitmark
Peter Skovholt Gitmark, siviløkonom og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Vest-Agder. Han var den yngste stortingsrepresentanten frå Sørlandet gjennom tidene då han blei vald inn som 24-åring i 2001.
Rigmor Aasrud
Rigmor Aasrud
Rigmor Aasrud, bedriftsøkonom, mangeårig ordførar for Arbeidarpartiet i Gran kommune og statsråd i Stoltenberg II-regjeringa 2009–13.
Robert Eriksson
Robert Eriksson
Robert Eriksson, bedriftsøkonom, politikar og direktør i Norske Sjømatbedrifters Landsforening. Eriksson er tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Nord-Trøndelag og var arbeids- og sosialminister i Solberg-regjeringa 2013–15.
Siv Jensen
Siv Jensen
Siv Jensen, diplomøkono og leiar av Framstegspartiet.
Tine Sundtoft
Tine Sundtoft
Kristine (Tine) Sundtoft, siviløkonom og fylkesrådmann i Vest-Agder.
Ulf Erik Knudsen
Ulf Erik Knudsen, diplomøkonom, lokalpolitikar og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Buskerud 1997—2013.