a dato
Advers
Agio
Aksept
Aksept (av latin accipere). Som juridisk omgrep er ein aksept ei godtaking av eit framsett skriftleg eller munnleg tilbod.
Aksise
Aktivum
Amortisasjon
Anbod
Anbod, skriftleg tilbod om å utføre eit arbeid eller ei levering av varer mot ei viss betaling.
Anleggskapital
Anleggskapital, den delen av eigedelane i ei bedrift som er bunden og ikkje gjenstand for omsetning (bygningar, maskiner, inventar o.l.).
Annuitet
Annuitet (av latin annus, 'år'), til dømes den summen som blir betalt årleg over eit visst tidsrom til dekning av renter og avdrag på eit lån (annuitetslån).
Arbeidsmarknad
Arbeidsmarknad, det samla tilbodet av og etterspørselen etter arbeidskraft innanfor eit geografisk område.
AS
AS, forkorting for aksjeselskap. Slike selskap blir regulerte gjennom lov om aksjeselskap (aksjelova).
Avanse
Avanse (fransk), forskjellen mellom innkjøpsprisen og salsprisen, eller mellom omsetninga i ei bedrift og inntakskosten av varer.
Avbrotsforsikring
Avbrotsforsikring, ei forsikring som dekkjer driftstap som oppstår ved at verksemda i ei bedrift blir stansa av brann, lynnedslag e.l.
Avers
Avrekning
Avskriving
Baisse
Balanse
Balansekonto
Balansekonto, oppstilling av balansen i hovudboka til eit firma.
Bank
Bank (av italiensk banca, 'benk', 'bord'), institusjon for betalings- og kredittformidling.
Bankgiro
Bankgiro, system for overføring av pengar frå eigen bankkonto til ein annan bankkonto.
Bankremisse
Bedriftsøkonomi
Betalingsbalanse
Betalingsbalanse, den netto betalingsstraumen i eit land overfor andre land.
Bilforsikring
Bilforsikring, eller køyretøyforsikring, består av ei obligatorisk trafikkforsikring (ansvarsforsikring) og ei kaskoforsikring.
Bimetallisme
Bimetallisme, pengesystem der hovudmyntane både er av gull og sølv, og begge gjeld som lovleg betalingsmiddel.
Blandingsøkonomi
Blandingsøkonomi, eit økonomisk system som inneber eit kompromiss mellom privat og statseigd industri (marknads- eller planøkonomi).
Boom
Bretton Woods-avtalen
Bruttonasjonalprodukt
Bruttonasjonalprodukt, vanlegvis forkorta til BNP, er den totale verdiskapinga og den opptente bruttoinntekta frå innanlandsk produksjon i eit land.
Budsjett
Budsjett, plan over inntekter og utgifter i eit bestemt tidsrom, til dømes eit budsjettår.
Bustadforsikring
Bustadforsikring, ein type kombinert forsikring der ein er dekt mot tap og skade på lausøyre i heimen.
Byggjelån
Byggjelån, eit lån som blir gitt for å betale for oppføring av ein ny bygning mot ei tinglyst pantesikring i eigedomen.
Børs
Børs, marknad for omsetning av verdipapir, valuta eller varer, ofte ein organisert samlingsstad der kjøpmenn, banker o.a. møtest.
CFA-franc
CFA-franc, felles valuta i ei rekkje land i Vest-Afrika, dei fleste tidlegare franske koloniar.
Clearing
Clearing (engelsk, 'klarering', 'oppgjer', 'avrekning'), tidlegare mest brukt om den gjensidige avrekninga av sjekkar, vekslar o.l. mellom bankar.
Corner
Dalar
Dalar, mynt (av tysk Thaler, eigentleg Joachimsthaler, etter bergverket Joachimsthal, som begynte å slå sølvmynt 1518). Den første av dei norske dalarane blei prega i 1546.
Debenture
Debitere
Decharge
Decharge, vedtak i generalforsamlinga om at styret har fritak frå ansvar overfor selskapet eller aksjonærane.
Deflasjon
Dekningsbidrag (DB)
Dekningsbidrag (DB), omsetninga i ei bedrift minus dei variable kostnadane i samband med den daglege drifta.
Dekningsgrad
Denar
Deponere
Depositum
Depositum, verdipapir eller verdigjenstand som blir stilt som pant for eit lån eller blir levert til forvaring, jf. deponere.
Desisjon
Devaluering
Dime
Dime, amerikansk mynt.
Dinar
Direkte kostnader
Disagio
Diskonto
Disponibel inntekt
Disponibel realinntekt
Distriktsutbygging
Distriktsutbygging, omgrep for samfunnsøkonomiske tiltak med sikte på å skape større balanse mellom næringsforholda og levekåra i «utkantstrok» og dei meir sentrale delane av landet.
Dividende
Dividende (latin, eigentleg 'det som skal delast'), aksjonærane sin del av overskotet i ei bedrift eller kreditorane sin del av eit konkursbu.
Dollar
Dollar (engelsk, opphavleg frå tysk: Thaler), mynteining i USA.
Dow Jones-indeksen
Dow Jones-indeksen, verdskjend amerikansk aksje- og obligasjonsindeks.
Driftsbokføring
Driftskapital
Driftsrekneskap
Driftsresultat
Duopol
Duopol, marknad med to omtrent jambyrdige aktørar på tilbodssida.
Døgnslånsrente
EBRD
EBRD, internasjonal finansinstitusjon oppretta i 1991 for å lette overgangen til marknadsøkonomi i Aust-Europa og Asia.
Ecu
ECU
ECU, tidlegare felles utreknings- og oppgjerseining i EU.
Effektiv rente
Effektiv rente, den renteavkastninga eit verdipapir gir når det blir teke omsyn til kursen på papiret, konverteringstida til lånet og amortiseringsmåten.
Eigedomsmeklar
Eigedomsskatt
Eigedomsskatt, skatt på bruttoverdien av faste eigedomar.
Eigendel
Eigendel, den delen av visse kostnader som kvar einskild som tek imot ei yting, må betale sjølv.
Eigenkapital
Eigenkapitalen utgjer føretaket sine aktiva, med frådrag av gjeld.
Eksport
Eksportavgifter
Eksportgaranti
Emisjon
Innanfor handel vil emisjon seie første gongs utskriving av verdipapir (aksjar eller obligasjonar) på marknaden.
EMS
EMS, European Monetary System, det europeiske valutasystemet, etablert innanfor EF (EU) i mars 1979 som ein etterfølgjar av det europeiske «slange»-samarbeidet.
Engrosprisindeks
Engrosprisindeks, tidlegare namn på indeks som viser prisendringar ved førstehandsomsetning av varer innanlands.
ENØK
ENØK, forkorting for energiøkonomisering, samleomgrep for tiltak som gjer det mogleg å dekkje energibehovet til ein lågare samfunnsøkonomisk kostnad.
Etterspørsel
Euro
Euro, mynteining for Den europeiske union, EU.
Faktorinntekt
Faktura
Farthing
Femårsplan
Femårsplan, samla statleg plan for oppbygging og utvikling av næringslivet i eit land.
Fiatpengar
Fiatpengar, økonomisk system der pengane sin verdi ikkje er knytt til noko med eigenverdi, til dømes eit metall.
Filial
Finans
Finans, omgrep brukt om bank, børs, penge- og kredittforhold i samfunnet.
Finansinstitusjonar
Finanstoll
Finansår
Finansår, rekneskapsår for stat og kommune.
Fiskal
Fond
Fonds- og aksjemeklar
Fondsemisjon
Fondsemisjon, utviding av aksjekapitalen i eit selskap ved overføring av midlar frå selskapet sine fond.
Formuesskatt
Formuesskatt, skatt til staten og kommunen som blir utlikna av nettoformuen.
Forretningsbank
Forsikring
Forsikring, har som mål å gi vern mot økonomiske følgjer av framtidige hendingar som kan reknast som tilfeldige, til dømes dødsfall, brann eller ulykke.
Forteneste
Framandkapital
Franc
Franc, mynt i Frankrike frå 1360.
Franchise
Franchise, forsikringsuttrykk, det beløpet eller den prosenten av skaden som den forsikra sjølv ber risikoen for, også kalla eigendel.
Friaksjar
Fullverdforsikring
Garanti
Garanti, når ein person, eit firma eller ein institusjon (bank, forsikringsselskap, kommune) står inne for ein annan si oppfylling av ei plikt, eller for bestemte forhold ved oppfylling av eigen kontrakt.
Giro
Giro (av latin gyrus, 'krins', 'omløp'), overføring (girering) av pengebeløp frå kontoen til ein person (giranten) til ein annan (giraten eller girataren) sin konto.
Gjeldsforsikring
Gjensidig selskap
Greshams lov
Greshams lov, at «slett mynt fordriv god frå sirkulasjonen», har namn etter Sir Thomas Gresham (1519–1579), som grunnla børsen i London i 1565.
Groschen
Groschen, tysk sølvmynt frå 1300-talet, opphavleg frå Böhmen.
Grunnfond
Grunnrente
Gruppelivsforsikring
Gruppelivsforsikring, kollektiv livsforsikring for ei gruppe personar som er knytte til kvarandre i ei bedrift eller ein organisasjon.
Grå lånemarknad
Grå lånemarknad, den delen av lånemarknaden som ikkje er regulert av styresmaktene.
Guinea
Guinea, opphavleg engelsk gullmynt.
Gullkanta
Gullkanta, populært uttrykk for eit verdipapir som ein reknar for å vere sikkert.
Gullklausul
Gullklausul, regel i ein kontrakt eller ein obligasjon om at det pålydande beløpet skal «betalast i gull», som regel etter spesifisert vekt og kvalitet.
Gullstandard
Gullstandard, myntsystem som byggjer på gullet som verdimålar. Dei fleste land gjekk over til gullstandard mot slutten av 1800-talet.
Gylden
Gylden, tysk (nederlandsk Gulden), eigentleg ein mynt av gull, opphavleg ei etterlikning av florinar frå Firenze.
Handelsbalanse
Handelspolitikk
Hard valuta
Holdingselskap
Hovudbok
Hvid
Hvid, sølvmynt som var i bruk i Norden frå 1300-talet.
Ihendehavarobligasjonslån
Ihendehavarobligasjonslån, låneform der lånesummen er spreidd på enkeltobligasjonar (partialobligasjonslån).
Indirekte kostnad
Indirekte skatt
Indirekte skatt, skatt som skattebetalaren krev inn av andre.
Inflasjon
Inflasjon (av latin inflare, 'blåse opp'), prisstiging med tilsvarande senking av pengeverdien. Det motsette av deflasjon.
Investere
Ei investering er ei kapitalplassering, det vil seie ei binding av midlar for ei viss tid.
Investeringsavgift
Investeringsselskap
Investor
Kapital
Kapital (av latin caput, 'hovud'), ein sum pengar eller eit gode som utgjer ein bestemt pengeverdi.
Kapitalisering
Kapitalrente
Kapitalslit
Kapitalvare
Karbonbudsjett
Karbonbudsjett
Karbonbudsjettet er den mengda klimagassar menneska kan sleppe ut utan at det fører til farlege klimaendringar.
Karbonfangst og -lagring
Karbonfangst og -lagring
Karbonfangst og -lagring vil seie å skilje ut karbondioksid frå industrielle prosessar eller kraftproduksjon. Så blir gassen lagra permanent. Karbonfangst og -lagring kan medverke til å redusere utslepp av CO2 til atmosfæren.
Karbonlekkasje
Karbonlekkasje
Dersom reglar og krav om å redusere utslepp av klimagassar i eit område fører til at utsleppa i staden aukar ein annan stad i verda, blir det kalla karbonlekkasje.
Karbonpris
Karbonpris
Karbonpris er den prisen ein aktør må betale for retten til å sleppe ut klimagassar tilsvarande eitt tonn karbondioksid i atmosfæren.
Kartell
Kartell, i økonomisk samanheng ein avtale mellom, eller ei samanslutning av, næringsdrivande om felles prisar og salsvilkår, eventuelt også produksjonsregulering.
Kaskoforsikring
Kaskoforsikring, forsikring av transportmiddel (til dømes skip, motorkøyretøy eller fly) mot materiell skade eller tap, men ikkje last (cargo) eller personskade.
Kasserabatt
Kausjon
Klimakvote
Klimakvote
Ein klimakvote er retten til å sleppe ut klimagassar tilsvarande eitt tonn karbondioksid i atmosfæren. Klimakvotar kan kjøpast og seljast og gir såleis eit økonomisk insentiv til å kutte i klimagassutsleppa.
Kollektiv forsikring
Kollektiv forsikring, forsikringsordning som dekkjer alle i ei nærmare definert gruppe, til dømes av arbeidstakarar, yrkesutøvarar, foreiningsmedlemer o.a.
Konkurranse
Konnossement
Konsern
Konsortium
Konsortium (latin), samanslutning av deltakarar i felles økonomiske føretak.
Konsumkreditt
Konsumkreditt, betalingsutsetjing ved kjøp av forbruksvarer.
Konsumprisindeks
Konto
Kontobok
Kontrabande
Kontrabande (av latin contra, 'mot', og bannum, 'påbod'), smuglargods, eigentleg gods som det er forbode å føre inn i landet.
Kontrahere
Kontrahere (av latin contrahere, 'samle', dra saman'), det å trekkje (seg) saman.
Kooperasjon
Koppskatt
Koppskatt (av tysk Kopf, 'hovud'), personskatt som blir kravd inn med same beløp eller yting per hovud, uavhengig av økonomisk evne.
Kortsiktig
Kredit
Kredit, i bokføring høgre side av ein konto. Her blir innbetalte beløp, eller det ein har til gode, posterte.
Kreditt
Kreditt (av latin credere, 'tru'), tillit som ein person eller eit firma har i økonomiske forhold.
Kredittføretak
Kredittføretak, institusjon som gir langsiktige eller mellomlange lån.
Kredittkort
Krigsrisikotillegg
Kryssa sjekk
Kryssløpsanalyse
Kryssløpsanalyse (engelsk input-output analysis), metode i økonomien for å vise samanhengen mellom produksjonssektorane i eit land.
Kurator
Kurs
Kurs (frå latin cursus, 'løp'), marknadsprisen på valuta, verdipapir, edle metall osv.
Kurtasje
Landskyld
Landøyre
Leasing
Omgrepet leasing oppstod først ved leige av maskiner og utstyr frå spesialiserte leasingselskap. I dag kan dei fleste kapitalvarar leasast, til dømes bilar.
Legat
Legat, opphavleg ein utsending frå senatet i det gamle Roma, seinare om paveleg sendebod, no vanlegvis kalla nuntius.
Levealder
Levekostnad
Levekostnad, det som det kostar å leve, inkludert utgifter til mat, klede, bustad osv.
Leveranseforretning
Likvid
Likvide midlar er kontantar og verdipapir som raskt kan gjerast om til kontantar.
Livre
Livsforsikring
Livsforsikring, privat kapital- eller renteforsikring som skal erstatte det økonomiske tapet som oppstår ved død, uførleik eller som følgje av alderdom.
Louisdor
Lønsskatt
Lønsskatt, ordning som går ut på at løna til ein arbeidstakar blir trekt med eit endeleg skattebeløp ved lønsutbetalinga frå arbeidsgivaren.
Løysepengar
Lånetakst
Makroøkonomi
Manko
Marginal
Marginalskatt er den skatten som skal svarast av den øvste delen av inntekta.
Matematisk verdi
Ein verdi som blir sett ved matematiske utrekningar, til forskjell frå verdiar som kan fastsetjast på grunnlag av tilbod og etterspørsel, ved skjønn o.l.
Meirverdiavgift
Meirverdiavgift, avgift som skal betalast av ei vare sin prisauke eller meirverdi frå eitt omsetningsledd til det neste, ofte forkorta til mva., også kalla moms.
Mikroøkonomi
Miljørevisjon
Minnemynt
Minnemynt, ein mynt som er utgitt til minne om spesielle hendingar i ein stat eller eit kongehus.
Minstefrådrag
Minsteløn
Minsteløn, ein lønssats som ingen av partane i arbeidslivet, arbeidstakarar eller arbeidsgivarar, kan gå under, vanlegvis fastsett ved ein tariffavtale.
Monetarisme
Monopol
Monopol, einerett til å utøve ei bestemt økonomisk verksemd, eller ein marknadssituasjon der det berre opptrer éi bedrift på tilbodssida.
Monopsoni
Morarente
Moratorium
Motveksel
Mynt
Mynt (latin moneta), tilnamn til den romerske gudinna Juno. Det var i hennar tempel i Roma myntverkstaden i byen låg.
Mynteining
Myntfot
Myntfot, det metallet hovudmynten i eit land er knytt til, i motsetning til skiljemynt, som gjerne er laga av eit mindre edelt metall.
Nasjonalbank
Nasjonalbudsjett
Nasjonalbudsjett, oversikt over den økonomiske verksemda i eit land i eit bestemt framtidig tidsrom, vanlegvis eit år.
Nasjonalinntekt
Nasjonalinntekt, netto nasjonalprodukt, tillagt renter og utbytte frå utlandet, der utlandet sine finansinntekter i landet er trekt frå.
Nasjonalisering
Nasjonalprodukt
Nasjonalprodukt, verdien av varer og tenester som blir produserte i eit land, vanlegvis oppgitt per kalenderår.
Nasjonalrekneskap
Naturalhushald
Nedskriving
Nedskriving, devaluering, det vil seie redusering av verdien til ei pengeeining i forhold til eit standardmetall eller til valutaene i andre land.
NIBOR
Nominell løn
Nominell rente
Numismatikk
Nyverdiforsikring
Nyverdiforsikring, ein type forsikring der verdien noko hadde då det var nytt, ligg til grunn for forsikringssummen og skadeoppgjeret.
Næringsfridom
Næringsfridom, fridom til å drive næringsverksemd utan inngrep frå overordna styresmakter.
Nødpengar
Obligasjon
Obol
Offentleg-privat samarbeid (OPS)
Offentleg-privat samarbeid (OPS)
OPS er ein måte å finansiere offentlege utbyggingsprosjekt på, der private aktørar får mykje ansvar. Finansieringsmodellen er omstridd.
Omsetnadsavgift
Oppskriving
Ordredokument
Pareto-prinsippet
Pari
Paritetsverdi
Pekuniær
Pengar
Pengar, konkrete betalingsmiddel som er påført ein verdi, noko som uttrykkjer forholdet til ei fastsett pengeeining.
Pengehushald
Pengeverdi
Pengeverdi, generelt brukt om pengane si kjøpekraft når det gjeld varer og tenester.
Pengö
Penning
Penny
Pensjonsforsikring
Pensjonsforsikring, ei kollektiv forsikring som blir brukt av både private og offentlege arbeidsgivarar ved innføring av pensjonsordningar for personalet.
per
per eller pr. (latin per, 'gjennom', 'med', 'ved', 'på', 'for'). Betaling per eit tidsrom vil seie betalinga må skje seinast siste dag i dette tidsrommet.
Peso
Peterspengar
Piaster
Piaster, skiljemynt mellom anna i Egypt, Libanon, Sudan og Syria.
Planøkonomi
Planøkonomi, system av økonomisk-politiske tiltak med sikte på å regulere det økonomiske livet i eit samfunn ut frå ein generell plan.
Polise
Pool
Post
Post (av latin positus, 'oppstilt'), brev og andre postsendingar.
Postere
Postgiro
Postgiro, overføring av pengebeløp til og frå kontoar i Postverket (no Posten).
Preferanseaksje
Preferansetoll
Premieobligasjon
Prisindeks
Prisindeks, indeks som viser prisendringar for varer og tenester over bestemte periodar.
Prissubsidiar
Prissubsidiar eller pristilskot, pengar som bli gitt over statsbudsjettet for å halde prisane på viktige forbruksvarer nede.
Produksjonsfaktor
Produksjonsindeks
Produksjonsindeks, indeks som viser endringar i produksjonsvolumet innanfor bestemte næringsgreiner.
Produktutvikling
Produktutvikling, forsking med sikte på å framstille nye produkt eller forbetre eksisterande produkt.
Realisasjonsverdi
Realkapital
Realløn
Realrente
Realverdiar
Reassuranse
Rediskontere
Reflasjon
Reflasjon, prisstigning (inflasjon) som etter eit prisfall (deflasjon) skal ta prisane opp att til tidlegare høgder eller til eit normalt nivå.
Reguleringsøkonomi
Reichsmark
Reichsmark, riksmark, tysk mynteining innført i 1873.
Reiseakkreditiv
Reiseforsikring
Reiseforsikring, tidsavgrensa forsikring for éin eller fleire personar, for eit bestemt område eller for heile verda.
Rekambio
Rekambio (frå italiensk, 'tilbakebyte'), handelsuttrykk i samansetningar som rekambiokonto, konto for regresskrav eller for mislighaldne vekslar.
Remisse
Remittere
Rentabel
Rentabilitet
Rente
Rente, godtgjersle for retten til å disponere kapital, avkastning av kapital.
Rentefot
Rentenmark
Resirkulering
Restanse
Resultatrekneskap
Revaluering
Revaluering, oppskriving av pengeeininga i eit land i forhold til gull og til valutaene i andre land.
Revisjon
Revisjon, kontroll eller gransking av ein rekneskap, utført av ein person som ikkje har bindingar til den bedrifta eller det firmaet som blir kontrollert.
Ristorno
Royalty
Royalty, inntekt på grunnlag av opphavsrett, oftast rekna som ein prosent av salsinntekter eller liknande.
Rupi
Rupi, den opphavleg indiske sølvmynten.
Råbalanse
Råbalansen tener som eit kontrollmiddel for posteringane og blir sett opp på slutten av ein bokføringsperiode.
Saldere
Saldere, å avslutte eller utlikne ein konto.
Samfunnsøkonomi
Samfunnsøkonomi, vitskap om forholdet mellom produksjon, omsetning, fordeling og forbruk av goda i samfunnet. Andre, og eldre, omgrep er nasjonaløkonomi, sosialøkonomi og statsøkonomi.
SDR
SDR, forkorting for Special Drawing Rights.
Sentralbank
Sentralbank, eller nasjonalbank, vanleg omgrep for setelbanken i eit land.
Serviceyrke
Serviceyrke, lønsarbeid innanfor offentleg eller privat tenesteyting.
Sesterius
Setelbank
Shilling
Shilling, tidlegare britisk mynt = 1/20 pund.
Sjekk
Sjekk, formbunden melding der utskrivaren som kontohavar bed banken sin om å betale ein bestemt sum pengar til betalingsmottakaren.
Sjøforsikring
Sjøforsikring, ein type skadeforsikring som dekkjer skip, frakt og last.
Sjølvkost
Sjømannsskatt
Sjømenn betalte tidlegare skatt etter reglane i lova om skattlegging av sjømenn. Det var ein rein lønsskatt.
Skadeforsikring
Skattar
Skattar, dei pengeytingane som det offentlege krev av borgarane utan at det blir gitt direkte motytingar.
Skattefordelingsfondet
Skattefordelingsfondet, statleg fond som blei brukt til kommunal skatteutjamning, der kommunar som trong det, fekk ekstra tilskot.
Skattemelding
Skattemelding (tidlegare sjølvmelding), spesifisert oppgåve over eigen formue og eiga inntekt i løpet av eit år.
Skattøyre
Skipsmeklar
Skjerv
Sold
Solidus
Solidus var ein gullmynt som blei innført av keisar Konstantin den store.
Sosiale trygder
Sosiale trygder, ulike trygdeordningar for folk som treng hjelp til livsopphald.
Sou
Sovereign
Sparing med skattefrådrag (SMS)
Spotmarknad
Stagflasjon
Statsbudsjett
Statsbudsjett, overslag over staten sine inntekter og utgifter for komande budsjettår, i Noreg vedteke av Stortinget etter forslag frå regjeringa.
Statsgjeld
Statsgjeld, staten si gjeld til innan- og utanlandske kreditorar.
Statskassa
Statsobligasjonar
Statsrekneskap
Status
Strukturrasjonalisering
Subsidiar
Subsidiar (av latin subsidium, 'støtte'), hjelp eller finansiell støtte, mest brukt om pengestøtte til produsentar for å halde prisane på visse varer nede.
Svalbardskatt
Svartebørs
Tantieme
Taps- og vinningskonto
Taps- og vinningskonto, avslutningskonto i eit dobbelt bokføringssystem.
Teikningsrett
Teikningsrett, innanfor jussen aksjonærane sin fortrinnsrett til å skaffe seg nye aksjar når kapitalen i ei bedrift skal aukast.
Tenesteytande næringar
Tilbakekjøpspris
Tilbakekjøpsverdi
Tilleggsskatt
Tilleggsskatt, ekstraskatt på formue eller inntekt som i ein del tilfelle kan krevjast inn frå skattytarar som har gitt mangelfulle eller feilaktige opplysningar til skatteetaten.
Toll
Trygd
Trygdekasse
Underforsikring
Utanriksrekneskap
Ei oppstilling som viser betalingsbalansen i eit land overfor utlandet, eller dei samla økonomiske transaksjonane mellom eit land og utlandet.
Valuta
Valuta (italiensk, 'verdi', 'pris'), utanlandske betalingsmiddel, mynteininga i eit land.
Valutakorg
Valutareserve
Varebørs
Vekselobligasjon
Vekselobligasjon, gjeldsbrev som kan brukast som lånepapir i bankar.
Velferdsøkonomi
Velferdsøkonomi drøftar særleg val av økonomisk politikk, til dømes skattesystem, miljøverntiltak og val av økonomisk system.
Verdi
Verdi, i filosofien brukt om ein eigenskap ved ein gjenstand, ein person eller ei handling.
Verksleige
Vertikal samanslutning
Voucher
Økonometri
Økonometri, matematisk framstilling av samfunnsøkonomiske problemstillingar.
Økonomi
Økonomi, vitskapen om pengevesen, næringsvegar osv., det som handlar om pengar.
Årsverk