Hopp til innhold
X
Innhald

Aksept

Aksept (av latin accipere). Som juridisk omgrep er ein aksept ei godtaking av eit framsett skriftleg eller munnleg tilbod.

Nemninga blir også brukt om trassaten (vekselbetalaren) si skriftlege godkjenning av ein veksel som blir trekt.

Akseptanten blir vekselskyldnar og kan saksøkjast i ei eventuell vekselsak av vekselinnehavaren, etter reglar fastsette i veksellova av 1932 og tvistemålslova av 1915. Også vekselen blir kalla aksept når han er akseptert.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018