Hopp til innhold
X
Innhald

Anbod

Anbod, skriftleg tilbod om å utføre eit arbeid eller ei levering av varer mot ei viss betaling.

Når noko blir lagt ut på anbod, er det først og fremst for å oppnå lågast mogleg pris på arbeidet eller leveringa som ein ønskjer utført. Også andre krav kan leggjast inn i og oppfyllast ved anbod, til dømes val av teknologi og eit bestemt leveringstidspunkt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.12.2018
Sist oppdatert: 13.12.2018