Hopp til innhold
X
Innhald

Annuitet

Annuitet (av latin annus, 'år'), til dømes den summen som blir betalt årleg over eit visst tidsrom til dekning av renter og avdrag på eit lån (annuitetslån).

Ved annuitetslån blir summen av renter og avdrag alltid blir den same, medan den delen som renta utgjer, blir redusert ved kvar innbetaling. Ein annuitet blir altså betalt i like store delar med jamne mellomrom, det vil seie i terminar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018