Hopp til innhold
X
Innhald

AS

AS, forkorting for aksjeselskap. Slike selskap blir regulerte gjennom lov om aksjeselskap (aksjelova).

Ved endring av aksjelova i 1999 blei det skilt mellom aksjeselskap og allmennaksjeselskap (ASA). Eit AS er eit selskap med ei avgrensa mengd aksjeeigarar, i motsetning til eit ASA. I eit AS er ikkje eigarane ansvarlege for fordringar og gjeld som selskapet har.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.12.2018
Sist oppdatert: 13.12.2018