Hopp til innhold
X
Innhald

Avbrotsforsikring

Avbrotsforsikring, ei forsikring som dekkjer driftstap som oppstår ved at verksemda i ei bedrift blir stansa av brann, lynnedslag e.l.

Det tapet som blir dekt med ei avbrotsforsikring, er forskjellen mellom det resultatet bedrifta ville hatt om skaden ikkje hadde skjedd, og det faktisk oppnådde resultatet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.12.2018
Sist oppdatert: 13.12.2018