Hopp til innhold
X
Innhald

Bank

Bank (av italiensk banca, 'benk', 'bord'), institusjon for betalings- og kredittformidling.

Dei bankane vi har i dag, har utvikla seg frå den norditalienske utlåns- og pengevekslingsverksemda i seinmellomalderen. I Noreg krevst det konsesjon for å drive bankverksemd eller kredittføretak, og ein er underlagt Finanstilsynet. Bankar er regulerte gjennom finansføretakslova. Noreg er forplikta til å følgje EU sitt regelverk på området, gjennom EØS-avtalen.

Dei første bankane kom i stand gjennom deponi av edle metall, framfor alt gull, hos gullsmedane. Den første var Bank of England, som 1694 blei grunnlagd av ei rekkje av staten sine kreditorar. Setlane til bankane («banknotar») var opphavleg gjeldsbrev. Det å gi ut setlar blei etter kvart ein einskild bank sitt monopol. Først i moderne tid gjekk mange bankar over i statleg eige. Den norske sentralbanken, Noregs Bank, blei oppretta i 1816, etter at Stortinget hadde vedteke ei lov om penge- og bankvesenet, som så blei sanksjonert av kongen. Noregs Bank har einerett på å skrive ut norske setlar.

Bankar har fleire oppgåver i eit moderne samfunn. Hovudoppgåvene er kredittformidling og betalingsformidling. Ved kredittformidling tek bankane imot innskot (innlån) frå privatpersonar og bedrifter og yter lån (utlån) til investorar som gjerne driv forretnings- eller anna verksemd. Bankane låner også pengar seg imellom, eller når det er behov for det, av sentralbanken. Store delar av dei betalingane som skjer i dag, går via bankane, når personar eller føretak overfører pengar frå ein bankkonto til ein annan – gjerne via betalingskort (kredittkort, bankkort) eller giro.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.12.2018
Sist oppdatert: 13.12.2018