Hopp til innhold

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling er utvikling som tilfredsstiller dei menneskelege behova som finst i dag, utan å øydeleggje sjansane for at også komande generasjonar kan få tilfredsstilt sine behov.

Berekraftig utvikling omfattar tre dimensjonar: klima og miljø, økonomi og sosiale tilhøve. For at noko skal vere berekraftig, må alle dei tre dimensjonane vere inkluderte. FN har laga ein global arbeidsplan for berekraftig utvikling, uttrykt gjennom 17 konkrete berekraftsmål. Desse måla skal alle vere oppfylte innan 2030. Alle land i verda har forplikta seg til å nå desse måla og dermed oppnå ei berekraftig utvikling.

Omgrepet «berekraftig utvikling» blei introdusert i ein internasjonal plan for naturvern i 1980. Planen var laga av Verdsnaturvernunionen saman med Verdsnaturfondet (WWF) og FNs miljøprogram. Han fekk sterk innverknad på arbeidet til Verdskommisjonen for miljø og utvikling, som blei etablert av FN i 1983 under leiing av Gro Harlem Brundtland. I rapporten frå Brundtlandkommisjonen, «Vår felles framtid», blei omgrepet definert og har seinare glidd inn i daglegtalen.

I rapporten frå Brundtlandkommisjonen heiter det at berekraftig utvikling omfattar to nøkkelpunkt: Det første er «behov», og særleg behova til dei fattigaste i verda. Desse behova bør prioriterast. Det andre punktet er at evna vår til å tilfredsstille menneskelege behov er avhengig både av naturen, av teknologien vår og av måten vi organiserer samfunna våre på. Difor må vi passe på at desse ulike faktorane ikkje øydelegg for kvarandre. Rapporten definerer altså berekraftig utvikling som det å jamne ut forskjellar mellom fattige og rike og mellom nolevande menneske og framtidige generasjonar, innanfor dei fysiske tolegrensene som naturen set.

Ideen om at det finst absolutte grenser for kva naturen toler av menneskeleg ressursbruk og forureining, har derimot vore tona ned i den politiske debatten. Omgrepet er med tida meir og meir blitt forstått som økonomisk utvikling som inkluderer alle samfunnsgrupper, utan at det går ut over naturmiljøet.

Frå ei utstilling av berekraftsmåla ved Universitetet i Oslo i september 2018. Foto: Marte Lid / Norad. Kjelde: Norad, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Frå ei utstilling av berekraftsmåla ved Universitetet i Oslo i september 2018. Foto: Marte Lid / Norad. Kjelde: Norad, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Vanskeleg å måle

Det varierer kva ein faktisk legg i omgrepet berekraftig utvikling. Til dømes blir tiltak som gjer at vi bruker ikkje-fornybare ressursar litt saktare enn i dag, ofte presentert som berekraftige. Men same om vi bruker ikkje-fornybare ressursar raskt eller langsamt, vil det likevel bli tomt til slutt. Difor meiner mange at å bruke slike ressursar aldri kan bli heilt berekraftig. I nokre samanhengar blir difor «berekraft» sett på som ein framtidig tilstand der menneskeleg aktivitet og tolegrensene for naturen er i balanse, medan «berekraftig utvikling» er vegen fram mot denne tilstanden. 

Berekraftig utvikling er vanskeleg å måle fordi det er eit komplekst og samansett omgrep. Noreg har laga nasjonale indikatorar for berekraftig utvikling som eit politisk hjelpemiddel. Indikatorane omfattar mellom anna inntekt per innbyggjar, økonomisk ulikskap, klimagassutslepp, energiforbruk, arealendringar, miljøgifter, biologisk mangfald og bistand. Indikatorane er baserte på dei samla ressursane i Noreg og tek difor ikkje omsyn til korleis utviklinga i Noreg kan påverke situasjonen i andre land. 

Internasjonalt finst det ei rekkje ulike målemetodar og indikatorar, men ikkje noko overordna målesystem som kan gi eit klart svar på kor berekraftig eit bestemt politisk tiltak er. I tillegg kan dei 17 globale berekraftsmåla i nokre tilfelle dra i ulike retningar. Til dømes er økonomisk vekst eit av berekraftsmåla. Men førebels har ingen land greidd å skape økonomisk vekst utan at det går ut over natur, klima og ikkje-fornybare ressursar. For å gjere arbeidet med å skape berekraftig utvikling enklare, vel difor ulike fagfelt og aktørar seg ofte ut eitt eller nokre få mål som dei konsentrerer seg om.

I tida som har gått sidan omgrepet berekraftig utvikling blei lansert, er det blitt brukt i stadig fleire samanhengar. Ikkje minst bruker mange bedrifter omgrepet berekraftig i reklamesamanheng – for å selje produkt eller tenester. Difor meiner mange at omgrepet er blitt utvatna, og at det kan tolkast på så mange ulike måtar at det ikkje lenger er nyttig. Like fullt er berekraftig utvikling eit etablert omgrep i den offentlege debatten og eit av dei viktigaste peilepunkta for politisk styring, både i Noreg og globalt.

Frå hausten 2020 er berekraftig utvikling eit av tre tverrfaglege tema i læreplanane for grunnskulen og vidaregåande skule. Dei to andre er demokrati og medborgarskap, og folkehelse og livsmeistring.

Kjelder

Carlo Aall: «Vi trenger ikke universiteter som kaller seg bærekraftige for omdømmets skyld», forskning.no, publisert 13.5.2018: https://forskning.no/om-forskning-forskningspolitikk-kronikk/kronikk-vi-trenger-ikke-universiteter-som-kaller-seg-baerekraftige-for-omdommets-skyld/1158442 [lesedato 5.3.2020]

The International Union for Conservation of Nature and Natural Resources (red.): World Conservation Strategy. Living Resource Conservation for Sustainable Development. IUCN, UNEP og WWF 1980. Digital utgåve, portals.iucn.org: https://portals.iucn.org/library/efiles/documents/wcs-004.pdf [lesedato 26.2.2020]

Kunnskapsdepartementet: «Nye læreplaner skal gi elevene tid til mer fordypning», regjeringen.no, publisert 18.11.2019: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nye-lareplaner-skal-gi-elevene-tid-til-mer-fordypning/id2678138/ [lesedato 4.3.2020]

Eilif Ursin Reed: «Stor uvitenhet omkring bærekraft», cicero.oslo.no, publisert 16.1.2020: https://cicero.oslo.no/no/posts/klima/stor-uvitenhet-omkring-baerekraft [lesedato 6.3.2020]

Richard Ross Shaker: «The spatial distribution of development in Europe and its underlying sustainability correlations», sciencedirect.com, publisert 28.7.2015: https://www.sciencedirect.com/science/article/abs/pii/S0143622815001745?via%3Dihub [lesedato 3.3.2020]

Statistisk sentralbyrå. «Indikatorer for bærekraftig utvikling», ssb.no, sist oppdatert 2.5.2016: https://www.ssb.no/natur-og-miljo/nokkeltall/indikatorer-for-barekraftig-utvikling [lesedato 28.2.2020]

United Nations World Commission on Environment and Development (red.): Report of the World Commission on Environment and Development: Our Common Future. Oxford 1987. Digital utgåve, un-documents.net: http://www.un-documents.net/our-common-future.pdf [lesedato 26.2.2020]

 

Peikarar

FNs berekraftsmål, fn.no

FN-sambandets temaside om berekraftig utvikling, fn.no

Først publisert: 14.05.2020
Sist oppdatert: 13.08.2020