Hopp til innhold
X
Innhald

Bilforsikring

Bilforsikring, eller køyretøyforsikring, består av ei obligatorisk trafikkforsikring (ansvarsforsikring) og ei kaskoforsikring.

Trafikkforsikringa dekkjer skadeserstatning etter trafikkulykker overfor ein tredjepart, medan kaskoforsikring er ei frivillig forsikring mot (sjølvpåført) vognskade, brann, tjuveri osv. Kaskoforsikringa kan anten vere heil- eller delforsikring. Den tidlegare årsavgifta for bilar blir no kravd inn saman med bilforsikringa under namnet trafikkforsikringsavgift.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.12.2018
Sist oppdatert: 13.12.2018