Hopp til innhold
X
Innhald

Børs

Børs, marknad for omsetning av verdipapir, valuta eller varer, ofte ein organisert samlingsstad der kjøpmenn, banker o.a. møtest.

Vi skil mellom fonds- eller aksjebørsar for omsetning av obligasjonar og aksjar, og varebørsar (korn-, bomulls-, kaffi-, sukkerbørs osv.). Det er ofte strenge reglar for korleis deling av informasjon om forretningar skal gå føre seg på ein børs. Børsforretningane blir oftast avslutta som under ein auksjon, med tilbod frå kjøparar og seljarar. Den prisen dei blir einige om, blir som regel offentleggjord (notert). Når prisen gjeld eit verdipapir, kallar vi det kurs.

Publikum omset verdiane sine på børsen gjennom børsmeklarar. Den første børsen i Noreg blei oppretta i Kristiania i 1708. Den noverande Oslo Børs blei oppretta i 1818.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018