Hopp til innhold
X
Innhald

Bruttonasjonalprodukt

Bruttonasjonalprodukt, vanlegvis forkorta til BNP, er den totale verdiskapinga og den opptente bruttoinntekta frå innanlandsk produksjon i eit land.

Det finst tre vanlege måtar å rekne ut BNP på: produksjonsmetoden, utgiftsmetoden og inntektsmetoden. BNP blir målt anten i løpande prisar, faste prisar eller kjøpekraftsparitetar. Det er vanleg å sjå på BNP for eit land, fordelt per innbyggar, for å seie noko om velstandsnivået i landet. Då blir BNP justert etter kjøpekrafta.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.12.2018
Sist oppdatert: 13.12.2018