Hopp til innhold
X
Innhald

Byggjelån

Byggjelån, eit lån som blir gitt for å betale for oppføring av ein ny bygning mot ei tinglyst pantesikring i eigedomen.

Lånet blir utbetalt etter kvart som arbeidet skrid fram, og som regel blir det gjort om til eit meir langsiktig lån når bygningen er fullført. Det meir langsiktige lånet er då eit pantelån, privatøkonomisk oftast eit bustadlån med pant i den ferdige bustaden.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.12.2018
Sist oppdatert: 13.12.2018